Herborg har fylgt utviklinga i Kambodsja deis siste 10-12 åra, og har sett at skule og utdanning er ekstremt viktig. Det går eit grunnleggjande skilje mellom fattige og rike i verda. Å gje barn i den tredje verda utdanning er med på å minska dette skiljet.

Det bankar eit varmt hjarte i Herborg Kråkeviks bryst. Det bankar for alle som ikkje har det bra, men aller mest for dei minste. Derfor har ho støtta Redd Barna i mange år. Ho synest det er fint å bidra til ein organisasjon som fokuserer på barn og som har FNs Barnekonvensjon som grunnlag.

 - Det er eit solid verdigrunnlag, som hindrar at organisasjonen til einkvar tid hoppar rundt etter det som løner seg mest eller for tida er mest populært. Det hadde til dømes sikkert løna seg meir for Redd Barna å tilby fadrane sitt eige fadderbarn som dei kunne ha kontakt med. Sjølv saknar eg ikkje eit slikt ”kjøleskapsbarn”, samstundes som eg kan forstå at nokre vel eit fadderskap i ein organisasjon som tilbyr dette. Men Redd Barna meiner at dei kan hjelpa fleire barn på ein betre måte utan individuelle fadderskap, og står fast på det. Det tykkjer eg er standhaftig og flott, seier Herborg. 

Uventa konsekvensar

Herborg Kråkevik har fylgd Redd Barna tett sidan ho besøkte eit av organisasjonen sine prosjekt i Kambodsja i 2000. Denne reisa fekk uventa konsekvensar for artisten. Her opna ho hjartet sitt for borna ho vart kjent med, og fekk vener for livet. Samstundes møtte ho tilfeldigvis ein hyggeleg dansk menneskerettsjurist i hovudstaden Phnom Penh. Ut av dette møtet vaks det fram ekteskap og to barn, og det vart mange nye reiser til Kambodsja for Herborg sidan ektemannen budde og arbeidde der.

 Herborgs fyrste møte med barna i Kambodsja var ei sterk oppleving. Ho takla dårleg å sjå nauda, og hadde mest lyst til å stikka av.

- Men så såg eg gleda til barna, på trass av dei elendige tilhøva mange levde under. Eg såg styrken og livskrafta deira. Og eg såg kor lite som skal til for å hjelpa dei til eit betre liv. Det gav meg håp og glede, smiler Herborg. Ho har knytt særleg sterke band til jenter som er redda frå seksuell utnytting og misbruk, og som bur på eit senter som Redd Barna støttar i Phnom Penh. Jentene har triste historier å fortelja om kidnapping, menneskehandel, misbruk og overgrep, og om utstøyting frå lokalsamfunn og familie.

Herborg Kråkevik har knytt særleg sterke band til jenter som er redda frå seksuell utnytting og misbruk, og som bur på eit senter som Redd Barna støttar i Phnom Penh.

Eit veldig håp

Kvar gong Herborg har vore i Phnom Penh (og det er mange gonger etter kvart) har ho treft jentene og dei tilsette. Ho har støtta senteret både ved å arbeida praktisk med jentene og ved å gje inntekter frå konsertar. Ved senteret får dei hjelp til å betra den mentale og fysiske helsa, og til å få nytt fotfeste i livet. Ikkje minst så får dei utdanning i praktisk handverk, slik at dei kan klara seg sjølve når dei vert vaksne.

 - Eg har fylgt utviklinga i Kambodsja deis siste 10-12 åra, og har sett at skule og utdanning er ekstremt viktig. Det går eit grunnleggjande skilje mellom fattige og rike i verda. Å gje barn i den tredje verda utdanning er med på å minska dette skiljet. Det ligg eit veldig håp i dette, og eg er både stolt og imponert over den jobben som Redd Barna utfører i Kambodsja for å gje utdanning til born og unge! seier Herborg. Sidan ho har sett Redd Barnas arbeid ute i felt på nært hald i mange år, veit ho kva ho snakkar om.

Eit hav av forskjell

Herborg og familien har dei siste åra budd i Danmark. Ho er sjokkert over den bitande bistands-kritiske tonen som har utvikla seg i nabolandet vårt, der pressa leitar etter den minste feil ved eitkvart prosjekt. - Skremmande negativt og aggressivt, seier ho, og håpar vi slepp ei liknande utvikling i Norge.
I haust kasta familien loss og flytta til Oslo, og i desse dagar drar Herborg i gang sitt eige show på Det norske Teatret, samstundes som ho gir ut ei ny CD-plate. I både CD og show står kjærleik til fedrelandet Norge sentralt, sett med eit herborgsk, humoristisk skråblikk.
- Korleis ser Norge ut frå Kambodsja?
Artisten ser ned i bordplata på kafeen der vi møtest. Veg sine ord før ho svarar:
- Det er eit hav av forskjell. Den overfloden som vi nordmenn lever i, er uforståeleg for kambodsjanarar. Vi har ikkje fortalt våre vener i Kambodsja om korleis det står til. Men så har nokre kome på besøk, og har fått sjå velstanden med eigne auge. Det har vore flaut og fælt å ha deiner på besøk, erkjenner Herborg. Ei pussig erfaring er at kambodsjanarane ikkje har vore så opptekne av alt vi har, men meir av veret og maten.
- Dei kan ikkje skjøna at vi held ut med så dårleg ver og så slett mat, ler ho. 

Alle kan gjera litt!

- Vi nordmenn er så rike, og kunne delt så mykje meir av overfloden vår. Kanskje vi skulle gå tilbake til tidlegare tiders ”tiende”? Å gje ein tiendepart av inntekta til dei som treng det mest, er eigentleg ein god ide, filosoferer artisten. Å ha eit humanitært engasjement har alltid vore sjølvsagt for henne – det lærte ho heime på garden i Jondal. ”Me har det så godt. Me har fridom. Me kan dela det vi”, var omkvedet hos Herborg sin familie.
- Vi går forbi barn som treng oss kvar dag. Nokre meiner at det å vera fadder er å kjøpa seg godt samvit, avlat og tilgiving. Greitt for meg viss det fører til at barn får det betre. Det dreier seg først og fremst om å bidra der ein kan, slår Herborg Kråkevik fast.

Herborg Kråkevik (37):

Songar, skodespelar og revyartist
Gift med danske Esben Hvem
To døtre, Agnes og Petra
Aktiv støttespelar for Redd Barna sidan 2000
Er i haust aktuell med førestillinga ”Kjære landsmenn” på Det norske Teatret
Gjev også ut albumet ”Alltid i mitt sinn”.