Foto: Ingrid Lund/Redd Barna
Karen Elise Matheson har lenge engasjert seg i Redd Barnas arbeid. I tillegg til å være med i Redd Barna Sykkylven har hun hatt flere sentrale verv i organisasjonen og reist ut i nødhjelpsoppdrag, senest i Nepal.

Aktivitetane har spent frå organisering av barneleir for norske barn og flyktningbarn og barnehøyringar før kommuneval til tombola og innsamlingsaksjonar. Vi har no nokre få faste årlege aktivitetar, og elles set vi av tid til å vere med på sentrale Redd Barna - aksjonar som Forstyrringsvekene om hausten, Redd Barna-veka om våren og større innsamlingsaksjonar.

Kvart år har vi tombola og markering av Redd Barna i mai. Fyrste helga i advent har vi tombola og markering av Redd Barna i samband med julegrantenninga i sentrum. I mange år arrangerte vi fakkeltog for fred denne dagen.  Det er vi no slutta å arrangere sjølv, men vi oppmodar skular til å ha fakkeltog før jul.

Vi vil gjerne ha fleire aktive medlemmer! Ta gjerne kontakt med Region Vest viss du vil engasjere deg i Sykkylven.