Foto: Sigrid Heggestad/Fjordingen
Redd Barna Stryn markerte 30 år i 2010, blant anna ved å arrangere kurs om vald og seksuelle overgrep mot born. Bak frå venstre: Astrid Rake, Petra Sunde, Synnøve Beinnes, Ida Nesje, Malene Lilleheim og Vigdis Kirkeeide. Framme frå venstre: Oddrun Frausing, Inger Sørdal, leiar Sigrid Leite Paulsen og Marie Godø.

Laget tel om lag 30 medlemmer. Redd Barna i Stryn er aktivt med i arbeidet for barna sine rettar, og for at dei skal ha eit verdig liv. Desse rettane har dei krav på, uansett kven dei er og kvar dei bur.

Redd Barna er blitt tradisjon i Stryn og vi føler vi har god støtte i lokalsamfunnet. Vi arrangerer blomsterlotteri i mai/juni og basar om hausten i samband med FN-dagen 24. oktober. Små og store møter opp på basaren og lagar stemning rundt Redd Barna sitt arbeid. Bygdefolk bidrar med gevinstar og loddkjøp.

Tonning skule er Redd Barna-skule, og årvisst er 4. klassetrinnet der med på basaren og underheld med song og musikk. Ein fin pengesum kan laget vårt bidra med til Redd Barna sitt arbeid kvart år.

Vi treng fleire medlemmar i Stryn. Vil du engasjere deg saman med oss? Ta gjerne kontakt med Region Vest