Foto: Åshild Rød
Iherdig innsats fra lokalbefolkninga førte til rekordresultat.

Det strøyma på med folk på julemessa og det vart etterkvart så fullt at det til neste år må vurderast om me må ha større lokale! 2. klasse ved Valestrand skule opna messa med fin song og vart påskjønna med Redd Barna refleksvestar.

Store og små barn som har gjort ein innsats for Redd Barna i løpet av året fekk utdelt diplom. Under messa hadde desse borna eige bord for sal av brukte leikar.

Årets messe gav eit overveldande resultat på 64 000 kr. Dette er ny rekord og eit resultat av målretta arbeid gjennom heile året. Me har fått mange nye støttespelarar frå heile øya som bidrog med ting til salsborda og gjorde utvalet betre og større enn på mange år.

Foto: Åshild Rød
Medlemmer i Osterøy lokallag står klar til å selge kaker.

Støtte frå barnehagar

I tillegg til pengane som kom inn på messa og ved loddsal har me også fått gåver på nesten 10 000 kr til saman. Dette er frå Hauge og Valestrand barnehagar som har arrangert FN-dag og Valestrand skule som har hatt skulejogg. Tusen takk for flott innsats!

Inntektene frå årets messe er øyremerka tyfonramma barn på Filippinane.

Ta gjerne kontakt med regionkontoret dersom du har lyst til å bidra til det gode arbeidet som blir gjort på Osterøy.