Foto: Torhild Tveit
Borna hadde kledd seg ut i fargerike kostymer.

Omlag 45 born og ein del vaksne møtte til karnevalet i flotte kostymer. Me starta med koret og fellessong, før det vart fleire songar av koret. Songleikar fenga godt og alle var med, noko som skapte god stemning. Etter ein kort andakt, var det informasjon om Redd Barna.

Så eit høgdepunkt for alle oppmøte; herlege bollar, saft og kaffi. Etter matøkta vart det meir song og moro att, før alle gjekk heim. Med på vegen heim fekk alle borna nokre små gåver; refleksar frå Redd Barna og noko godt attåt. Redd Barna fekk pengegåva som vart samla inn. Stor takk for det!

Dersom du ynskjer å engasjere deg for Redd Barna, ta gjerne kontakt med ditt regionkontor.