Foto: Redd Barna/Elin Toft
Rodas maler bilder på T-skjorter.

Birgit og Mascha var to av mange som måla fredsduer og epler, medan dei internasjonale godsakene på Redd Barna-kafeen var svært populære.

- Veldig moro å vera med på dette, seier leiar for Sauherad Redd Barna, Gunhild Kleven Ripegutu. Over 3000 var innom eple-festivalen i fruktbygda i Telemark, og mange av dei yngste besøkte Redd Barna sin stand. Der fekk dei måla sitt eige motiv på kvite T-skjorter, og dei fleste valde fredsduer eller epler. Ungane brukte sterke, flotte fargar til å få fram bodskapen sin, anten dei ville ønskja seg fred i verda, eller fortelja at frukt er godt!

Internasjonal mat

På kafeen hadde Elisabeth Ryen og Samira El-Hajj si fulle hyre med å servera svoltne festival-deltakarar. På menyen stod mat frå Burna, Eritrea, Kurdistan og Libanon, og kvar smitt og smule gjekk unna. Fleire av dei aktive i Redd Barna Sauherad er flyktningar som har fått fast opphald i Norge, og som no er busett i Telemarks-kommunen Sauherad. Mellom anna er fleire med og driv Kafe Mama som held ope to gonger i veka.

- Det er kjempefint å få vera med på å gjera ein innsats for barn i verda, seier Samira El-Hajj som selde mat på eple-festivalen. Ho har budd i Norge i ni år, snakkar utmerka norsk og underviser i fransk språk i skolen.

- Flyktnignane gjer ein flott jobb for Redd Barna, seier Gunhild Kleven Ripegutu fornøgd.

Foto: Redd Barna/Elin Toft
Elisabeth og Samira selger internasjonal mat på Redd Barnas stand.

Mange gode, aktive støttespelarar

Redd Barna Sauherad er eit av dei mest aktive Redd Barna-laga i landet, med møter annakvar veke gjennom heile året. Mellom 10-20 deltar på møta, der arrangement som mellom anna den årlege julemessa vert førebudd. I samband med julemessa er rundt 50 frivillige i aktivitet, i tillegg til at mange hjelparar også sit heime og lagar fine handarbeid som vert seld på messa.

Fleire av skolane i kommunen er gode støttespelarar. Gvarv skole har kvart år Haustmarknad, der mykje av inntektene går til Redd Barna. I tillegg har dei det siste året markert "Rødnesedagen", hatt førjulsfest, kantine for Haiti og ei kjempeflott framsyning av Hakkebakkeskogen. Dette blir det mange pengar av. I år er Haustmarknaden den 30. september.

Nordagutu skole har gjennom mange år hatt jogge- og aktivitetsdag til inntekt for Redd Barna. Dette er populært i eit lite lokalsamfunn og gjev gode inntekter. I år blir arrangementet den 5. oktober. Barnehagen som ligg tett ved hadde i tillegg foreldrekafe der foreldra hadde bruka mykje pengar for å støtte ei god sak.

- Vi er kjempeglad for innsatsen og synest det er flott at skolane og barnehagane gjev støtte til arbeidet til Redd Barna. Gjennom dette driv dei eit haldningskapande arbeid som gjev håp for framtida, seier Gunhild Kleven Ripegutu.