Tilbake til forsiden
Postet 27.07.2017

I Istanbul var eg heime hos ein syrisk flyktningfamilie. Alle borna var på jobb i klesfabrikken

Eg har skjønt kor heldig eg var som born.

Blogginnlegg

Min første selfie - med eingongskamera på leir på Raknestunet i 2001!
Alle som var på leir med meg rundt årtusenskiftet, kan nok stadfeste at eg var ein rasar med alle eingongskamera mine. Ikkje noko var for uviktig til å bli foreviga i mitt fotoalbum. Leir var jo så gøy!

Minna mine frå å reise på leir er berre gode. Der møtte eg mange nye vener og fekk mykje tid med gamle vener. Vi leika, spiste snop frå kiosken, høyrte andaktar om Jesus og vart kjend leiarar som framleis er gode førebilete for meg. Det var fint, trygt og godt.

Eg har seinare skjønt kor heldig eg var som born, der eg hadde ein så trygg og god barndom at eg kunne gjere kjekke ting som å reise på leir. I dag veit eg at langt frå alle er så heldige som er var. Etter å ha jobba mykje med flyktningspørsmålet dei siste åra har eg sjølv sett med eigne auge korleis barn på flukt blir fråtatt opplevingar og minne som dette. Dei får ikkje reise på leir. Då eg var i Istanbul nyleg var eg heime hos ein syrisk flyktningfamilie der berre dei vaksne var heime - alle borna var på jobb i klesfabrikken.

Eg ber norske politikarar sørge for at borna får den beskyttelsen dei har krav på, under sjølve flukta og når dei kjem til Norge. Ingen skal få barndomen sin satt på vent.

Synes du flere burde lese dette?

0 kommentarer

Kommenter via
Eller kommenter som anonym