Tilbake til forsiden
Postet 18.06.2018

Bry deg, ver ein venn for unge asylsøkarar

Eg, Emilie Hansen frå Fosnavåg vart i fjor ungdomsambassadør for Redd Barna på grunn av mitt engasjement for einslege mindreårige asylsøkarar. Enklare sakt, eg vart ungdomsambassadør fordi eg fekk vennar på min eigen alder som budde på mottak.

Blogginnlegg

Foto: Emilie fremfører her appellen under støttekonsert for Redd Barnas arbeid for barn på flukt.

Appellen ble opprinnelig publisert i Sunnmørsposten 15.06.2018.

Mars 2016 fekk vi eit mottak i Fosnavåg der det budde litt over 40 gutar som har rømt frå krig og konflikt. Det gjekk falske rykte om kva som gjekk føre seg på mottaket, og framandfrykt og fordommar spreidde seg fort. Desse, som vart omtalt som kriminelle, terroristar og valdtektsmenn, bestemte eg meg for å bli venn med.

Norsklæraren deira fortalde meg at dei brukte å vere på fredagstreff i kyrkjekjellaren. So dit dro eg, ureligiøs som eg er, for fyrste gong, aleine og nervøs.

Trengte ein venn

Eg visste ikkje at på grunn av denne eine kvelden skulle eg forsette å bruke fredagskveldane mine i kyrkjekjellaren. Eg visste ikkje at vi kom til å spele fotball (noko eg er veldig dårleg i), biljard, volleyball og handball. Eg visste ikkje at vi kom til å bade, fare på stranda, fjellet, gå på tur med hund, sykle og feste. Eg visste helder ikkje at vi kom til å feire ramadan, id, jul og nyttår saman. Einaste eg tenkte då var at desse gutane kom til å ha behov for ein venn som kunne dei nye spelereglane, og at eg ønskte å vere denne vennen. Og eg er så utruleg takknemleg for at dei lét meg.

Mykje tid ilag

Etterkvart begynte gutane å invitere meg til mottaket, der drakk vi te, spelte kort, høyrte på musikk og snakka. I byrjinga venta eg på å bli invitert før eg dukka opp der, men etter ei stund so vart det slik som mange sikkert har det med bestevennane sine; du sender ei melding når du allereie er der. Ei stund var eg så ofte på mottaket at gutane tulla med om eg ville ha eit eige rom der så eg slapp å fare heim om natta. Med andre ord, vi har brukt utruleg mykje tid ilag.

Vi har lært mykje av kvarandre. Eller det vil seie, eg har lært mykje av dei, og dei har kanskje lært litt av meg. I starten gjekk 95% av all kommunikasjon på Google translate, kroppsspråk, peiking og ansiktsuttrykk. Dette førte til mange misforståingar, og ein del flausar for min egen del. Men vi fann fort ut at eit sterkt ønske om å forstå og bli forstått kan ta deg langt i riktig retning.

Frykten for å bli sendt tilbake

Vi har tulla masse, men vi har også snakka om det seriøse. Dei har fortalt meg om heimlandet, om kor sterkt dei saknar familie og vennar, om dei kjære dei har mista og om reisa til Norge. Eg har aldri måtta flykta heimanfrå for å berge livet mitt, eg har aldri blitt slått for at eg skal ligge stille i ein personbil som skal krysse landegrensa, eg har aldri måtta reist over Middelhavet i ein liten, overfylt gummibåt utan å kunne symje. Men eg har sett korleis det har påverka unge menneske, og kor stor frykta er for å bli sendt tilbake til det dei rømde frå. Ei frykt som er så stor at det har ført til fleire panikkanfall og andre psykiske problem.

Bry deg - gjer noko

Eg har fått høyre at eg er spesiell, at eg ikkje er som alle andre norske folk. Når eg får høyre dette spør eg kva meiner du. Då får eg alltid høyre «du er ikkje redd meg», «du er ikkje redd oss», eller «du er ikkje redd for å besøke oss på asylmottaket». Kan ikkje du som er her i dag vere med på å gjere dette litt mindre spesielt? At det å bry seg, vere venn og medmenneske blir normalen, i staden for unntaket.

Kanskje der ikkje er eit mottak i nærheita der du bur. Men der finnast mange andre måtar å engasjere seg på. Om du har litt ekstra tid kan du for eksempel bli frivillig for Redd Barna eller andre ideelle organisasjonar. Du kan skrive under på underskriftskampanjar, eller skrive artiklar og lesarinnlegg. Eller lage arrangement der inntektene går til eit godt formål, sånn som har vorte gjort her i dag. Der finnast mange moglegheiter, det viktigaste er ikkje kva ein gjer, men at ein gjer noko.

-----------------------------------------------------------------------
Dette kan du gjøre:

- Blir frivillig - les mer på reddbarna.no/frivillig >
- Skriv under på Redd Barnas opprop mot midlertidig opphold for barn som flykter alene til Norge >
- Støtt Redd Barnas arbeid for barn på flukt >

Synes du flere burde lese dette?

0 kommentarer

Kommenter via
Eller kommenter som anonym