Foto: Karoline Hjorth
Spennande å opna pakkekalenderen frå Redd Barna, tykkjer Agnes(8), Petra(3) og Herborg.

Artist og småbarnsmor Herborg Kråkevik har travle dagar og nok å hengja fingrane i.
- Å sitja saman med ungane og åpna ein pose med kreative oppgåver kvar dag i staden for å fyka rundt på byen og leita etter endå fleire ting ein ikkje treng kvar dag, er MYKJE betre for mor. Her får vi alt i ein pakke, og det er gull verd, tykkjer artisten. At inntekta frå salet går til Redd Barnas arbeid for barn, trekkjer heller ikkje på nokon måte ned.

Nye figurar kvar dag

Agnes(8) og Petra(3) er spente når dei opnar den vesle kassen med det spennande innhaldet. Oppi ligg det verkeleg 24 pakkar med byggjemateriale til ulike figurar, ein for kva dag fram mot jul! Når Agnes opnar pakken for 1.desember, finn ho mellom anna ein limpistol i tillegg til smått og stort til å byggja av. 
- Kult, synest Agnes, og går laust på det som skal bli den fyrste figuren. Herborg lurar litt på korleis dette skal gå, for ho er ikkje særleg praktisk anlagt, påstår ho.
- Formingslæraren hadde ikkje stor tru på meg og heldt på å stryka meg, minnast Herborg. ”Korleis skal det gå med deg som verken kan sy eller strikka?”, var avskilsorda. Men dette får eg i alle fall til, seier Herborg fornøgd og svingar limpistol, papp og perler. Ho utelukkar ikkje at dei kreative utfordringane kan føra til problemer i heimen.
- Men det er betre å krangla om korleis ein limpistol skal brukast enn å vera sure fordi det manglar ein pakke i dagens kalenderluke, ler ho.

Foto: Karoline Hjorth
Med teamarbeid av fyrste klasse tryllar trekløveret fram den eine figuren etter den andre.

Teamarbeid

Med teamarbeid av fyrste klasse tryllar trekløveret fram den eine figuren etter den andre. Petra er mest interessert i å undersøkja det som dei to andre lagar, og det kjem ein liten krise når ho resolutt riv hovudet av ein nisse. Men med limpistolen parat kjem hovudet på plass igjen, og snart senkjer arbeidsroen seg igjen.

Både store og små finn fram kreativitet og fantasi. Den eine figuren er litt framtung, meiner Agnes og Herborg. Ein annan liknar ikkje heilt på bildet. Men det gjer ingen ting. Dei er fine, slår dei to fornøgd fast.
- Og når ungane  heller vil ha sjokolade enn figurar?
- Kven seier at dei ikkje kan få begge deler? Ein liten sjokoladebit til arbeidet har aldri skada, slår Herborg muntert fast.

 Her får du kalenderen

Julepakkekalenderen kan du kjøpa i Princess og Panduro-butikkar over heile landet. Du kan og bestilla kalenderen i Redd Barna sin nettbutikk på www.reddbarna.no/jul