Bergen Student Press inviterte nyleg studentar på lærar- og førskulelærarutdanninga på Høgskulen i Bergen til faglunsj om vald og seksuelle overgrep mot born.

Kathrine B. Sjølingstad, leiar i Bergen Student Press, med beredskapsplanen som gruppa har utvikla for skular og barnehagar.
Foto: Liv Unni Stuhaug
Sophie Hysing-Dahl Døsvik frå Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland (SMIH) haldt eit foredrag som gjekk inn på kva som omfattar seksuelle overgrep, korleis overgrep kan skje, vanlege reaksjonar hos dei utsette, korleis ein kan snakke med born dersom ein mistenker at noko er gale, meldeplikten og gjev generelt ei betre forståing om temaet seksuelle overgrep mot born.
Bakgrunnen for faglunsjen er Bekymret-kampanjen, der Bergen Student Press jobbar for auka kunnskap om korleis ein skal gå fram ved mistanke om vald og overgrep mot born, særleg retta mot yrkesgrupper og studentar som arbeider med barn til dagleg.
Dei cirka 30 studentane som deltok var aktive med å stille spørsmål, noko foredragshaldar synes var flott, og som viser engasjement blant studentane.
- Viktig og aktuelt tema
Bergen Student Press har fått positive tilbakemeldingar frå studentar om at faglunsjen tek opp eit tema som er viktig for dei, og som sisteårsstudentar på til dømes førskulelærar endå ikkje har hatt noko særleg om i undervisninga:
- Veldig viktig for førskulelærara å vete korleis vi kan hantere ulike situasjonar og hendingar som vi kan komme bort i. Det er svært aktuelt for oss 3. klasse studentar som skal ut i jobb snart å verte førebudde på kva vi kan møte i yrkeslivet, og vite korleis vi skal gå fram for å samarbeide best muleg med andre instansar, seier ei av deltakarane på faglunsjen.
- Må inn i rammeplanane
Grunna positiv tilbakemelding frå studentane sjølve vil Bergen Student Press halde fram med å forsøke å skape merksemd om det manglande fokuset på vald og overgrep mot born i utdanninga til dei som skal jobbe med born til dagleg. I tillegg er dei i prosessen med å sende ut beredskapsplanen sin til skular og barnehagar i Hordaland.
Kathrine B. Sjølingstad, leiar i Bergen Student PRESS, vil også at undervisning om vold og seksuelle overgrep skal inn i rammeplanen til utdanningane lærar, førskulelærar og barnevernspedagog:
- men foreløpig har ikkje responsen vore positiv frå Kunnskapsdepartementet. Difor har vi valt å gjere noko sjølve for at flest mogleg skal få betre kunnskap om tema. Så lenge ein ikkje har inkludert kunnskap om vald og overgrep mot barn i rammeplanane, er det studentane sjølve som må ta ansvar, og då er det veldig bra at Studentrådet avdeling Landås har engasjert seg.
Fleire må engasjere seg
Sjølingstad har også ei oppfordring til andre:
- Det fins mange andre ressurspersonar rundt om i landet som gjerne delar sin kunnskap, så vi oppfordrar andre lokallag i Press og Redd Barna til å arrangere liknande arrangement, enten det er for studentar, frivillege, eller andre som arbeider med barn.
Vil du engasjere deg i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot born? Ta kontakt med Bergen Student Press!