Tid: 16. september 2010, kl. 09.00 – 15.30
Stad: Kulturhuset i Stryn
Inge Nordhaug og Reidun Dybsland frå RVTS Vest har i fleire år halde kurs for lærarar om korleis ein skal snakke med born når ein uroar seg for om dei ikkje har det bra heime. Kursa har vore særs populære. No tek dei i Redd Barna sin regi, turen til Stryn. Redd Barna Stryn ynskjer deg velkomen til ein spanande og nyttig kursdag.
Innhald: Korleis overgrep kjem opp Lovverk, kva gjer ein? Korleis samtale med born om otten du har? Foreldresamtale, trening og teori
Sinna Mann – animert film om eit born vitne til vald mot mor
Inge Nordhaug er klinisk sosionom og teamleiar for Vald- og seksuelle overgrep-teamet på RVTS (Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging).
Reidun Dybsland, barnevernspedagog med master i barnevern, arbeidar 50 % på RVTS og 50 % på Barnehuset.
Frist for påmelding er 1. september og sendast til:
eller abonner på vårt Nyhetsbrev