|
Av Helga Hjetland, leiar av Utdanningsforbundet
Å gi skule og utdanning til verdas barn er både kortsiktig og langsiktig fredsskapande arbeid. Det kan gi barn og vaksne fridom frå fattigdom, sjukdom, undertrykking og maktmisbruk, skriv Helga Hjetland, leiar av Utdanningsforbundet, i dette innlegget til Redd Barnas globale debatt om utdanning for fred.
Alle barn på jorda, barn i krig og barn i fred, treng utdanning. Den heimlege avisdebatten i sommar om skule og utdanning har teke fleire retningar, mellom andre om vi treng skulen eller ikkje (Dagbladet: Kristin Clemet og Nils Christie). Debatten kjem i eit underleg og provinsielt lys når ein veit at nær 40 millionar barn i verda er hindra frå å gå på skule av krig og konfliktar, og at like mange blir haldne borte av dårleg økonomi og mangel på politisk evne og vilje.
Difor all ære til Redd Barna-alliansen som i vår sette i gang den globale debatten om utdanning og fred og prosjektet ABC redder barna. Eit viktigare tema skal ein leite etter. Som barn, som vaksen og lærar, skuleleiar og fagforeiningsleiar har eg aldri vore i tvil om at skule og utdanning er ein viktig og nødvendig del av livet for oss menneske. I det internasjonale samarbeidet vårt og som medlem av verdas lærarorganisasjon, Education International, er eg heller ikkje i tvil om at utdanning også er fredsarbeid. Vi treng ei oppseding for alle barn som er noko anna enn lærdomen i heimen og på arbeidsplassen. Ei formalisert opplæring som kan skape grunnlag for å forme eigne liv og byggje eit samfunn der dialog, demokrati og menneskerettar får rå – og såleis finne andre utvegar enn krig og konflikt mellom folk og statar.
Det å lære sjølve skulefaga er berre ein del av opplæringa. Å lese og rekne, få ny kunnskap og møte menneske med andre synspunkt og meiningar og diskutere desse i eit fellesskap, gir perspektiv og oversikt og kan skape vidsyn og toleranse. Dersom ein skal vinne over fordomar og småleg åtferd, heve seg som individ og samfunn, må ein sjå over eigne og andres grenser og ikkje late seg stenge inne av høge sosiale og kulturelle gjerde.
Ikkje minst barn i krigs- og konfliktområde treng å få oppleve at noko i livet er rimeleg normalt. Dei treng å lære nytt og få bruke forskar- og skapartrongen som andre. Dei kan ikkje vente. Skulegangen må gå føre seg der og då medan dei er barn og unge. Dei må som barn gjevast grunnlag for å utvikle sjølvtillit og sjølvstende og få medvit om eigen og andres situasjon. Kime til fred og forsoning – men også til konflikt og strid – kan leggjast i barnesinnet. Difor må vi vaksne syte for at alle barn får ein god skule å gå til. Kunnskap og refleksjon er bolverk mot fattigdom, sjukdom, utnytting og maktovergrep. Barn som hindrast frå skulegang får ofte vanskar med å hevde seg i familien og samfunnet. Resultatet i konfliktfylte område av verda er varig fattigdom og stridt og dårleg betalt eller ubetalt arbeid, strev og armod livet ut.
Ufred handlar om makt og fordeling. Rike land rår over størstedelen av ressursane i verda. Det ligg difor eit svært tungt ansvar på oss. Tusenårsmåla for utvikling av fattige land er steg i rett lei, men vi ser på område etter område og år etter år at måla ikkje blir følgd av tiltak og økonomi som gjer det mogeleg å nå fram i 2015. Måla om utdanning for alle er ikkje noko unntak. Det er seks til sju år att, og heller ikkje Noreg er ein pådrivar slik vi burde vere.
Det tek tid å skape god utdanning, ikkje minst fordi det er stor mangel på kvalifiserte lærarar i land og område i Sør. UNESCO har konkludert med at det manglar 18 millionar lærarar. Internasjonal økonomisk politikk legg også hinder i vegen for at regjeringane i fleire fattige land kan nytte offentlege midlar til å gi god utdanning til sine barn og unge. For å halde nede nivået på dei offentlege utgiftene, ser ein no at bruk av billigare ufaglærte ikkje er uvanleg fleire stader sjølv om kvalifiserte lærarar finst.
Å gi skule og utdanning til verdas barn er både kortsiktig og langsiktig fredsskapande arbeid. Det kan gi barn og vaksne fridom frå fattigdom, sjukdom, undertrykking og maktmisbruk. Dei mange barna i land i Sør som vil gå på skulen – ofte deira fremste ønske – og som ikkje får det, har eit klart bilete av at utdanning er viktig også for deira framtid og deira samfunn.
|


Del på Twitter

eller abonner på vårt Nyhetsbrev